Sommarhelsing frå ordførar

God sommar!

Det er midt i juli, og eg tek sommarferie. Skulle sikkert ha rydda pulten min først, men det får bli ein fotnote.

Gulstripeaksjonen held trykket oppe og brenn sterkt for trafikktryggleiken på hovedferdselsåra vår. Eg har saman med kollega Odd Jarle i Hemne nyleg vore på møte med stortingsrepresentant Ivar Odnes, Sp, og godt vertskap på Grønset-fjøset på Staurset. Heile transportfraksjonen i Frp saman med Mørebenkens Jan Steinar Engeli Johansen har køyrt  Betna-Stormyra og høyrt om prosjektet. Gode tilbakemeldingar frå begge hald. Og til veka kjem Vetle Vang Solheim, Høgre, slik mange andre sentrale politikarar har gjort,  for å bli oppdatert frå strikkeaksjonen og lokale politikarar. Eg kjenner på ein positiv tverrpolitisk vilje til å gi startløyving, og håpar at ei allereie fleirårig utsetjing ikkje må forlengast. Statsbudsjettet for 2019 er nålauget.  Betna-Stormyra er ikkje noko luksusprosjekt, men naudsynt fornying av vegnettet for å sikre trafikktryggleik og rasjonell transport i takt med tida og ein kraftig trafikkvekst på E39.

Kommuneleiinga møtte nyleg Demensforeininga lokalt for å inngå samarbeidsavtale for eit demensvenleg samfunn. Nasjonalforeininga for folkehelsa tek aktiv regi for å bidra til eit samfunn der demens som sjukdom blir møtt på ein kunnskapsbasert og inkluderande måte. Gruppa av demente veks, og kommunen sitt tenesteapparat til liks med næringsliv og samfunnet elles blir invitert inn i samarbeidet, leia av ei lokal arbeidsgruppe. 

Kommunestyret handsama i møte 14.juni årsoppgjeret for 2017. Rådmannen la som i fjor fram eit svært positivt rekneskap. Mindreforbruket i år var knapt 10 millionar, noko som stadfestar god økonomistyring og budsjettdisiplin i kommunen. Dette er det mange å takke for i heile organisasjonen, og som eit klapp på skuldra vedtok kommunestyret samtidig å disponere 150.000,- ekstra til velferdsarrangement for tilsette. Elles kjem nok overskotet godt med i ei periode der vi skal totalrenovere sjukeheimen, planlegg bygging av svømmebasseng og har to nye baneanlegg ved skulen på gang.

Mange i organisasjonen er involvert i eit stort omstillingsarbeid i samband med kommunesamanslåing. I stort og smått handlar dette om organisering av kommunen sitt tenesteapparat i ny kommune. Det er bestemt at tenestene skal ytast nær folk, og være likeverdige for alle. Større fagmiljø er slett ikkje synonymt med samlokalisering. På politisk hald har fellesnemnda i sitt siste møte fått «løypemelding» frå dei mange arbeidsgruppene som jobbar med forslag til tenesteorganisering. Andre viktige saker å arbeide med for politikarar, både før og etter samanslåinga, er korleis vi skal organisere og utvikle lokaldemokratiet i ny kommune, og korleis ein skal legge til rette for styrka utviklingskraft i ein større kommune.  Det siste er ikkje eit arbeid som kan vente til vi får ei felles og ny kommuneplan på beddingen.

Kommunebarometeret rangerer Halsa som beste Nordmørs- kommune i siste utgåve. Plass nr 91 i landet og fjerde best i fylket. Målinga har størst verdi brukt  i eigenanalyse, for å bli enda betre til å løyse oppgåver og tenester, men Rådmannen og alle tilsette kan også ranke ryggen og ta imot ros for god innsats !  

Siste veka har vi som lite lokalsamfunn på nytt fått ei påminning om kor nådelaust skjørt livet er når ulykker rammer. I sorg blir perspektiva våre endra. Det er lett og menneskeleg i ein travel kvardag å tru at alt småtteriet er stort og viktig. Eg helsar difor god sommar med eit ønskje om at alle ristar irritasjon, bagatellar og småkrangling ut av lommene. Raus omtanke og omsorg, glede, smil og venleg omgang med medmenneske gir høgare rente enn noko bankinnskot. God sommar!

Ola Rognskog - ordførar.