Ann Iren Kjønnøy blir prosjektleiar for DMS i Kristiansund

Seniorrådgivar innan smittevern i Helse Møre og Romsdal, Ann Iren Kjønnøy, får ansvaret med å leie utviklinga av framtidas distriktsmedisinske senter i Kristiansund.

Kompetent prosjektleiar
Kjønnøy  er utdanna sjukepleier med spesialutdanning i smittevern og har jobba i ulike stillingar ved Kristiansund sjukehus sidan 1980. Ho har også innsikt og forståing for kommunal helseteneste  mellom anna frå erfaring som sjukepleiar både i Kristiansund og Averøy samt samarbeid med kommunane som smittevernrådgivar.  Kjønnøy har ein mastergrad i folkehelsevitenskap samt prosjektleiarutvikling frå Midt-Norsk Helseakademi og har delteke i ei rekke prosjekt regionalt og nasjonalt. Ho er hovudstyremedlem i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og er tidligare leiar for Norsk forening for cystisk fibrose. 

  • Eg gler meg til å få vere med på å utvikle framtidas tilbod for befolkninga i regionen. Det er mange dyktige fagpersonar både i helseføretaket og i kommunane som eg ønskjer å involvere i prosjektutviklinga. Ved å utvikle godt samarbeid kan vi skape tillit slik at vi kan trekkje i same retning og skape gode resultat saman, seier Kjønnøy.

 

Ser fram mot samarbeidet

Målet med prosjektet er å etablere eit DMS-tilbod saman med ulike aktørar kor ein samhandlar om å gje framtidsretta helsetenester av framragande kvalitet. Kjell Neergaard som er leiar for styringsgruppa og ordførar i Kristiansund kommune er særs nøgd med tilsettinga av Kjønnøy.  
 

  • Vi ønskjer å utvikle eit DMS som skal få ei særstilling i Norge når det gjeld fagleg bredde, kompetanse, forsking og utvikling. Kjønnøy vil bidra både med solid kompetanse og gjennomføringskraft og vi gler oss til å samarbeide med henne, seier Neergaard.

 

Dyktig fagperson i HMR
Også adm.dir. i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, er trygg på tilsettinga av Kjønnøy.  
 

  • Eg kjenner Ann Iren som ein særs dyktig fagperson i Helse Møre og Romsdal. Ho er uredd og tørr å tenkje nytt og innovativt for å betre helsetilbodet til våre pasientar. Kjønnøy er initiativtakar bak det pågåande prosjektet med heimebasert antibiotikabehandling. Eit prosjekt som for alvor viser korleis spesialisthelsetenesta og kommunane kan samarbeide om eit betre pasienttilbod, seier Remme.

Kjønnøy tiltrer i stillinga som prosjektleiar 1. august.