Kommuneplanen sin arealdel 2019 - 2028, forslag til plan til 2. gongs offentleg høyring

Kommunestyret i Halsa har i sak 13/19, den 25.04.2019 vedteke å legge kommuneplanen sin arealdel ut på høyring og offentleg ettersyn (§11-14 i plan og bygningslova).

Dett er 2. gongs høyring av planen, og endringane i plandokumenta er omtalte i dokumentet "Oversikt over innspel etter 1. gongs høyring, og vurderinga av dei" (sjå under).

Kommunestyret fatta vedtak om at "Kartlegging og verdisetting av friluftsområde" ikkje skal inngå i plandokumenta.

KPA er ein overordna arealplan, som viser "bruk og vern" av alt landareal i kommunen. Politikarane i Halsa har bestemt at hovudmåla med denne KPA`en er:

  • finne attraktive næringsareal som kan medføre nyetableringar og fleire arbeidsplassar i Halsa
  • styrke Liabøen som kommunesenter
  • vise arealendringar som styrkar fordelar, og reduserer ulemper ved omlegging av E39
  • vurdere behovet for nye areal til attraktive tomter

Dersom du har spørsmål eller innspel til planforslaget, så send e-post til post@halsa.kommune.no, eller brev til Halsa kommune, Glåmsmyrvegen 23, 6683 Vågland innan 06.06.2019

I dokumentlista (under) finn du også eit "samandrag" av planen, som viser måla med planarbeidet og presenterer dei viktigaste endringane mellom 1. og 2. gongs høyring.

Plandokument til 2. gongs høyring:

 
 

Andre vedlegg til KPA

Innspel  (PDF, 43 kB)før 1. gongs høyring 

Handlingsrapport (PDF, 392 kB), før 1. gongs høyring

Møtereferat (PDF, 10 MB), før 1. gongs høyring