Kulturminnet denne veka er sendt inn av Sivert Botten, og han fortel dette:
Bilete er av eit "heimlaga" skopar. Under krigen 1940- 1945 var det rasjonering på det meste. Vi hadde rasjoneringskort med ymse merke. Sko var også rasjonert. Etter som eg hugsar var det så og seia omogleg å få tak i sko.
Vi som hadde dyr som vi heimeslakta var av dei heldige. På Halsanaustan var det ein garvar, så vi sende skinna dit å fekk dei garva. Dette vart til overler på sko. Her i kretsen hadde vi to skomakara som laga sko viss ein hadde overler og soller. Sollere var det verre å skaffa. Det var byttehandla med folk som på ein eller måte hadde høve til å få tak i soller.
Smør eller mjøl var gode byttemidel. Mjølet var og heimeavla, og mala ilegalt i nattens mulm og mørke. Det stod att ein del bekkvennhus men desse var plombert med papirstrimle med lakk og hakekross. Ein del av kvennbruka i nerleiken (Vågos og Botten mølle) var viljuge til å mala illegalt.
Skomakarane som budde her var Edv. Brun og Henning Sollid. Edv.Brun budde her på Vågland. Henning Sollid budde i Klettalia. Edv.Brun døyde i januar 1948. Skone på bilete her er laga av Henning Sollid vinteren 1948 eller 1949. Desse skone er velbruka. Ser ein på utsida på høgreskoen er det sett på ei bot. Likeså har helkappen på same skoen fått seg ei bot.
Kom med flere forslag til UKAS KULTURMINNE
Omtrent en gang i uka ønsker vi å presentere "ukas kulturminne" her på kommunens nettside, men dette avhenger av at vi får innsendte forslag. "Ukas kulturminne" er et tiltak som kom igang i forbindelse med kulturminneåret 2009.
|
Alle med interesse for kulturvern og kulturhistorie oppfordres til å levere inn materiale til UKAS kulturminne på kommunens nettside.
|
| |
|
Kulturminner i Halsa skal også etterhvert inn i et digitalt kulturminneatlas, etter mal fra Møre og Romsdal Fylke.
Et kulturminne er per definisjon eldre enn 35 år, men ellers kan det romme det meste!
Send inn forslag - det kan være smått og stort, kort eller langt. Ta utgangspunkt i noe du/ dere har lyst til å presentere.
En rekke lag og organisasjoner og skolen er oppfordret til å sende inn til UKAS KULTURMINNE. Men her kan altså alle med interesse for kulturvern og kulturminne bidra!
|
Bidrag til UKAS kulturminne mottas med stor takk til nærings- og kulturrådgiver Ragnhild Godal Tunheim,
e-post: ragnhild.tunheim@halsa.kommune.no
Tel: 71559629/ 91806446